Reisebrev: Et nytt eventyr?

Tommy kjente optimismen på kroppen da han var i Gøteborg i helga.

Publisert Sist oppdatert

Supporterklubben er for supportere, og derfor ønsker United.no leserbrev som del av nettsiden. Takhøyden er stor, men vi forbeholder oss retten til å avgjøre hva som kommer på trykk og ikke. Det er også et krav at man argumenterer godt for det man mener, og du må tåle at andre kommenterer innlegget ditt. Leserbrev kan sendes til [email protected]. Oppgi fullt navn og helst alder, og fortell gjerne når, hvordan eller hvorfor du ble fan. Vi tar selvsagt også gjerne i mot reisebrev.

Ei fantastisk reise – er det starten på eit nytt eventyr?

Av: Tommy Aarethun

Det var ein gang ein vakker julikveld i 2016. 

Denne helga var eg saman med ein kamerat i Gøteborg for å sjå Manchester United sin kamp mot Galatasaray. Ein kamp som enda med 5-2 siger til vårt lag – laget som vi har halde med sidan vi var små. Tida vi har halde med United har stort sett vore prega av oppturar men dei seinare åra, om ein ser vekk frå sigeren i FA-cupen førre sesong, har vore ein nedtur. Laget har hangla. Spelet vårt har vore av det heller labre kaliberet. Vi har bytta ut to trenarar på tre sesongar. Ikkje akkurat kvardagskost for eit lag som hadde same manageren frå 1986 til 2013. Og ja: eg skal innrømma at dei siste åra har gått inn på meg. Men kanskjei var det dette klubben trengte?

fans1

På stemninga vi opplevde i Gøteborg denne dagen kan ein tydeleg spore ei optimisme som eg ikkje har sett dei siste åra.

Mourinho er på plass og sjølv om han er omstridd blant ein del tru eg han er det riktige valet i den situasjonen som United no er i. Sommarens aktivitet, og resultat på overgangsmarknaden gir ein tydeleg peikepinn på kvifor. Mourinho har eit namn og eit rykte som vert assosiert med trofear og med sigrar – det er akkurat kva vi treng etter dei siste åra. Eit nytt meisterlag må byggjast opp – beståande av verdstjerner krydra med unge og svært lovande spelarar. Rashford, Fosu-Mensah, Tuanzebe og fleire andre er spelarar som eg vonar og trur vi kjem til å høyre mykje om i åra som kjem. Eg vonar at desse spelarane får rom til å utvikle seg i klubben og at dei kan ta steget og stabilisere seg på det øvste nivået.

fans2

 No må vi ta med oss entusiasmen, som er rundt klubben, og som eg kjente på kroppen i Gøteborg førre helg inn i denne sesongen. Eg trur at det som no er på gang og som vi fekk sjå glimt av på Nya Ullevi laurdag er eit nytt eventyr. Med ein Pogba-overgang på trappene kan det hende gullet kjem allereie i år?

Eventyra skal etter regelen avsluttast med ”Snipp, snapp, snute, så var eventyret ute” – eg trur derimot det no høver betre med ”Snipp, snapp, snute, Manchester United er igjen i rute”.

Bergen 02.08.2016, Tommy Aarethun

Powered by Labrador CMS