– Familiefølelsen fikk vi med kvinnelaget

Frode har skrevet et reisebrev fra en svært vellykket kamp med Uniteds kvinnelag.

Publisert Sist oppdatert

FAMILIEKLUBBEN

Av: Frode Nitter Joranger (livstidsmedlem)

Rett før jul i fjor kjøpte dotter mi Sigrid og eg billettar gjennom MUSCS og skulle til Manchester for å sjå årets siste kamp for herrelaget til Manchester United. Sigrid blei veldig glad då supportarklubben i tillegg inviterte oss med på damelaget sin siste kamp for sesongen.

Vi byrja laurdagen med å reise til MegaStore og kjøpte mellom anna skjerf og ein kvit MUFC-fotball. Deretter var vi på guida synfaring på Old Trafford og fekk sitje ved draktene i herregarderoba. Solskjær snakkar ofte om at vi er ein familievenleg klubb. Alle tilsette i klubben er hyggelege og hjelpsame og det gjer at det var lett å trivs. Men å vere på Old Trafford dagen før dagen er likevel berre slitsamt med altfor mykje folk og tryggleiksanordningar overalt.

I firetida tok vi felles buss med andre frå supportarklubben til Leigh Sports Village for å sjå årets siste kamp for damelaget.

Vi fann gode plassar skrått bak mål. Kampen var svært underhaldande. Alex Greenwood og Kirsty Smith hadde full kontroll bakover, slik at resten kunne angripe.

Våre damer styrte banespelet og når dei mista ballen, jobba dei ballen raskt tilbake. Dei var flinke til å spele seg rundt på kantane og varierte mellom innlegg, skot frå skrått hald eller å dra seg inn til daudlina og legge ut 45 grader. Det var kjekt å sjå at damelaget praktiserer «er du god nok, så er du gamal nok»-regelen. Emily Ramsey i mål er 18 år og midtbanemotoren i kampen, Lauren James, er 17 år.

ANNONSE: Uniteds kvinnelag møter Vålerenga i Oslo 31. juli. Kjøp billetter til kampen her.

Sigrid syns det var ekstra moro når spelarane drog overstegsfinter i straffefeltet og når dei spela veggspel gjennom ledd. Dette er nett det same som ho har øvd på med sitt fotballag i Ørskog IL. I tillegg plukka ho opp nokre gode oppvarmingstriks frå dei som stod på sidelinja og skulle innpå. Til pause stod det 2-0.

Det var om lag 3700 betalande tilskodarar og nesten alle som var der var barnefamiliar. Derfor kjente Sigrid seg trygg nok til å kunne springe ned til vantet saman med dei andre borna i pausen. Der trefte ho Fred the Red og han stod og han venta på henne slik at ho fekk henta kamera og teke bilete saman med han.

Sigrid sammen med Fred The Red.

I 2. omgang føregjekk spelet stort sett på motsett banehalvdel, der borte som sola skein, medan vi sat i skuggen og fekk varma oss litt med å juble 3 gongar til.

Les kampreferatet fra United – Lewes 5-0 her.

Her kan du lese alle saker om kvinnelaget.

Ved kampslutt gjekk Sigrid og eg ned til vantet saman med mange andre og såg på når laget fekk tildelt ligapokalen og konfettikanona dekka bana raud.

Medan fotografane fekk sitt, kom Jessica King (frå bortelaget) bort til vantet ved oss og fekk kos og klem med mor, far, tante og bestemor. Dei fekk stå og snakke midt i Unitedsupportarflokken utan at nokon sa noko til det.

Det var i seg sjølv ei fin oppleving som syner at Unitedsupportarar også forstår verdien av familie same kven det gjeld.

Då fotografane hadde fått sitt, kom Uniteddamene springande bort til vår side også og jubla, tok sjølvfiar med borna og skreiv autografar til absolutt alle. Det var frykteleg kaldt, men dei heldt ut. Sigrid tok fram ballen sin og ein tusjpenn. Det var 8 spelarar som signerte den og ho fekk teke bilete med fleire av Unitedspelarane.

Då feiringa var over, hadde MUSCSB-bussen returnert for lengst. Så då stod eg der, seint på kveld med ei 8 år gamal, nokså utmatta jente og undrast på korleis vi skulle kome oss heim. Derfor gjekk vi til klubbresepsjonen på stadion og der fekk vi straks hjelp. Det var 30 minutt å vente på drosja. Medan vi stod der inne og venta, kom vi i prat med personalet og fekk fortalt litt om oss sjølve.

Etter ei stund kom Martha Harris innom resepsjonen og då fortalte ei av dei tilsette henne om Sigrid, 8-åringen som hadde reist heilt frå Noreg for å sjå favorittlaget sitt spele fotball.

Ho spurte Martha om ho kunne vere så snill å ta med seg Sigrid sin ball inn i garderoba og få alle til å signere den, og det gjorde Martha med glede.  

FIKK HJELP ETTER KAMPEN: Sigrid sammen med Martha Harris.
SIGNERT: Ballen Sigrid endte opp med.

På måndag var vi på shopping i sentrum. Og der, midt blant hundrevis av folk, kom Siobhan Chamberlain gåande, heilt uforstyrra, på krykker. Vi sprang bort og stoppa henne. Ho verka nesten overraska over å bli gjenkjent på gata. Då fekk Sigrid teke bilete saman med henne også.

PÅ KRYKKER: United-keeper Siobhan Chamberlain.

Sundagskampen gjekk som den gjekk, og etter kampen fekk Sigrid samla autografar frå ganske mange herrespelarar også, men den gode familieklubbkjensla, den fekk vi med damelaget på Leigh Sports Village.

ANNONSE: Uniteds kvinnelag møter Vålerenga i Oslo 31. juli. Kjøp billetter til kampen her.

Powered by Labrador CMS