– I mange år har United oversett en basisferdighet

Med ett øye på City-kampen retter dagens innsender søkelyset mot det han mener er en gjennomgående svakhet hos dagens United-spillere: manglende ferdigheter med ball.

Publisert Sist oppdatert

Ballbehandling i Manchester United

Av: Tor Sivertstøl

Hei, fekk lyst til å synse litt her på united.no, eg også.

Set og ser City spele mot United (11.11.2018) samtidig som eg fullfører dette lesarbrevet.

Det er mykje fokus på manager, taktikk, spelestil, Woodward, Glazers, etc i United for tida.

I dette innlegget vil eg derfor heller peike på noko heilt grunnleggande i ballsporten fotball.

Nemleg ballbehandling. Og eg nemner igjen; ser på City mot United, akkurat no er det pause. City ledar 1-0. Og på midtbana til United spelar Matic og Fellaini, ikkje akkurat verdens mest fotrappe midtbane.

Ballbehandling, smak på ordet.

Er det ikkje der det heile eigentleg startar i ein fotballklubb?


Men først litt kort om min «ManUnited bakgrunn».

Eg starta å følge United ein gong seint på 70-talet. Det var stort sett to årsaker til det:

1 – Far min vart fuktig i augekroken når han snakka om Manchester United. Eg skjønte det var noko spesielt med den klubben. Han sa aldri at han heia på United, men det var tydeleg at der var noko eige med Manchester United. Ein klubb med sjel.

2 – Alle kompisane mine var Liverpool fans, men eg tykte Liverpool var ufordragelege å sjå på. Spesielt Daglish var den største sytekoppen. Dei klaga alltid på dommaren, og dette fekk eg faktisk med meg som liten gut.

Men tilbake til ballbehandlinga:

Saman med oss fans så er spelarane sjølve grunnfjellet i ein fotballklubb.

Og spelarane bør behandle ein ball på best mogleg vis.

Hvis den ikkje er god nok så kan ein vel berre setje ein parantes rundt alt det andre eg nemde i starten her. I alle fall i dagens moderne fotball, der nyrike klubbar kjøper dei beste ballbehandlarane og ditto suksess.

Eg sjølv er digital filmfotograf, og i mitt yrke så har vi både «grovsmedar» og «kunstnarar». Grovsmedane får som regel jobben gjort, men du får sjeldan «fot» for det dei gjer. Estetikken er utelatt.  I prisutdelingar er det kunstnarane som står på podiet.

«Bør ikkje United vere der oppe saman med Real Madrid, Barcelona, Bayern München, Juventus?»

Eg tykkjer det har vore for mange grovsmedar i United dei siste åra.

Då er det 2-0 til City.

Bør ikkje United vere der oppe saman med Real Madrid, Barcelona, Bayern München, Juventus?

Det Barcelona-laget som for eksempel herja for cirka 10 år sidan kunne vel bestemor mi like godt styrt.

Fordi dei hadde heilt unike spelarar med rå ballbehandling.

Kor mange av dagens United-stall ville fått plass i andre storlag vi likar å samanlikne oss med?

Eg tipper DeGea og kanskje Pogba.

Det er berre ein manager som har klart å vinne og dominere med mange grovsmedar på bana, men han pensjonerte seg for nokre år sidan. Og dei tider er over.

Eg elska det når Ferguson vann titlar med typer som Evans, O’Shea, Park, Fletcher med fleire.

Heilt nydeleg var det. Og det er derfor Ferguson er tidenes manager. Pep, Klopp, Depp eller kva dei heiter alle mann, ingen er i nærleiken av Sir Alex Ferguson.

SIR ALEX FERGUSON – ingen over, ingen ved siden.

Men i dagens moderne fotball så må ein hente folk med tryggheit i ballbehandlinga si. Personar som kan behandle ein ball med eleganse, nærteknikk og innsats. Fotrappe folk.

Spesielt framover på bana er dette viktig, og derfor skjønte eg aldri kvifor United henta Lukaku. Samtidig likar eg Lukaku veldig godt, han gir alltid 100% på bana. Og han scorar jo mål.

Og der fekk Lukaku straffe for United! Martial !!! 1-2.

Men heilt kynisk, er Lukaku teknisk god nok for eit lag som Manchester United?

Det er kanskje feil å peike på enkeltspelarar i dagens stall slik som eg gjer her, men dette er noko eg har tenkt på i mange år. Det er så pussig at Manchester United ikkje har vore meir bevisst på kva typer dei har henta inn.

Men det må henge igjen frå Ferguson-tida, då dei bortimot henta troféer pga manageren.

«Basis-ingrediensen ballbehandling må ligge i botnen. Slik at vi kan spele ball, spele fotball.»

Skjønar heller ikkje greia mellom manageren og McTominay.

Eg forstår at personane som vert henta inn, må passe inn i eit system, at det er rette typane, rette holdningane, rette psyken og at du må få den rette dynamikken i spelargruppa.

Men igjen, basis-ingrediensen ballbehandling må ligge i botnen. Slik at vi kan spele ball, spele fotball.

På meg virkar det som United har oversett dette i mange år.

Og det uavhengig av kva manager og system vi har hatt sidan Ferguson.

Andre toppklubbar i England har skjønt dette for lenge sidan, og ein ser dessverre resultatet av dette, for eksempel i kveldens kamp.

Takk for meg, det var dagens synsing frå ytre, søre Sunnmøre.

Og der vart det 3-1 til City.

Etter å ha spelt ball seg imellom dei siste 5 minutta.

Beste helsing,

Tor Sivertstøl

Powered by Labrador CMS