brunocavani

«Eit frustrerande nytt tap, og då må vi alle lage ragnarokk»

Publisert Sist oppdatert

Leserbrev Av: Tor Sivertsøl

– Håper VDB får seg en ny klubb i januar som ikke har som mål å ødlegge karriereren hans. De som kjøper VDB får en topp spiller.

Dette var ein del av ein kommentar frå ein av United sine følgera på facebook sida til united.no rett etter at lagoppstillingen mot AV kom.

Dermed vart det eit behov for ein liten epistel frå ytre søre sunnmøre att.

Er det slik det har blitt no?

Southampton v Manchester United - Premier League
PÅ BENKEN IGJEN: Mange mener mye om Donny van de Beeks tilværelse på United-benken.

At klubben ikkje er så viktig lenger? Det er såå mykje viktigare med enkeltspelarar.
Den og den spelaren får ikkje spele, nei å nei så synd det er i vedkomande. Vi må dulle og dalle med enkeltspelarane, dei har det jo heilt grusomt dei som må sete på benken.

Klubben er blitt berre ein diffus stad der vi skal forgude enkeltindivid.

Eg også kan vere grunnleggande uenig i laguttak til Solskjær og co, bortiomot kvar gong.

Den midtbana til United meiner heller ikkje eg er god nok. Og taktikken kan til tider virke noko diffus, men eg er berre ein sofaekspert, kva veit vel eg?

Men å kome med kommentarar om at klubben eigentleg vil ødelegge karriera til ein spelar som set på benken. Milde himmel..

Kan ikkje vi prøve å halde eit visst nivå då? Prøve bittelitt?

På eit meir generellt grunnlag så er det meir og meir den retninga moderne fotballfans går. Det handlar mindre om klubb, og meir om enkeltspelarar. Vi har Pogba FC, Ronaldo FC, med fleire.

Tipper PSG fekk ein milliard nye `fans` etter at Messi signerte der.

Tykkjer det er ei trist utvikling.

messi32432
MESSI FC: Interessen for PSG ble nok ikke noe mindre av at de signerte Lionel Messi. Det samme gjelder nok for United og Ronaldo.

For meg handlar det alltid 100% om laget, og sjølv Ronaldo og Messi er 1/11 av eit lag.

Ok, skjønar at det vart mykje åtgaum etter at Ronaldo signerte ny kontrakt med United. At han skulle kome attende, det hadde eg ikkje sett føre meg. Heilt vilt eigentleg.

Men det har til tider blitt veldig Ronaldo FC, og klubben legg jo mykje opp til det og. Og det er jo kommersielt rett, då eigarane til United vil tjene så mykje pæng som mogleg på klubben vår.

Eg diggar Ronaldo eg, Donny er sikkert ein god spelar og Pogba er jo Pogba. Men alltid først og fremst laget Manchester United for meg.

Om 100 år er forhåpentlegvis klubben fortsatt den største og beste. Og vi nolevande har blitt til historie..

No vart det dessverre eit frustrerande nytt tap, og då må vi alle hive oss på tastaturet og lage ragnarokk. Og eg får nok.

Mitt største ønske er at Solskjær og co ein vakker dag motbeviser oss alle, at det heile vart ein suksess. Eg makter ikkje nok ei nullstilling, der vi må byrje på startstreken igjen.

Og dette handlar null og niks om at Solskjær tilfeldigvis er norsk. Eg ønskte av heile mitt hjerte at både Moyes, VanGaal og Murhino skulle bli ein suksess for klubben Manchester United.

Mourinho ønska eg aldri som manager for United, men når han først fekk jobben så ønska eg sjølvsagt all suksess til fyren.

Uansett. Vi har det fint vi som set bak tastaturet og meiner i aust og i vest, det er nesten så vi veit best.


Supporterklubben er for supportere, og derfor ønsker United.no leserbrev som en del av nettsiden. Takhøyden er stor, men vi forbeholder oss retten til å avgjøre hva som kommer på trykk og ikke. Det er også et krav at man argumenterer godt for det man mener, og du må tåle at andre kommenterer innlegget ditt. Leserbrev kan sendes til [email protected]. Oppgi fullt navn og helst alder, og fortell gjerne når, hvordan eller hvorfor du ble fan. Vi tar selvsagt også gjerne i mot reisebrev.

Powered by Labrador CMS