United.no skal i sommer intervjue rivalenes supporterklubber for å høre om deres tanker før neste sesong. Vi har allerede snakket med Arsenal-fansen og Liverpool-fansen, og denne uken er turen kommet til Ole Fuglestad, pressekontakt i City-supporternes skandinaviske supporterklubb.

Du finner mer om City og Citys supporterklubb på www.manchestercity.no.

De siste årene har vi vært vant til stor aktivitet fra Citys side på transferfronten. Foreløpig har det vært rolig denne sommeren, men noe action må det vel bli i løpet av transfervinduet? Hvilke spillere/spillertyper ønskes inn i løpet av sommeren? Er det noen spesielle posisjoner som bør være prioritert?

- Frå styreformannen si side, har det kome klare signal om at tida med mange spelarkjøp er forbi. Målet var heile vegen å stable på beina eit lag som kunne kjempe om troféen i Premier League; det laget er no på plass.

- Frå Mancini si side, er det liten tvil om at han ynskjer å forsterka laget til hjelp for kampane i CL. Blant supporterane har det i spørjeundersøkingar på nett kome veldig klart fram at hovudprioriteten til City bør vera å kvitta seg med "daukjøt". På bakgrunn av dette trur eg me kan vente oss ein eller maks to nye spelarar før sesongen tek til. Ein av dei bør helst vera ein midtstoppar. Eg vil hevda at Kompany og Lescott er det beste paret i England, men bak dei er det hjelpelaust tynt. Det fekk òg konsekvensar for City sist sesong.

City har også en stor stall hvor det fortsatt er en del spillere som kanvirke til å være 'til overs'. Hvilke spillere bør klubben selge før sesongstart?

- Heller ikkje denne gongen lukkast det for City å bli kvitt med Wayne Bru. Han har ein latterleg god kontrakt, og det ser ut til å vera nok for han. Det sportslege er tilsynelatande ikkje så viktig lenger. Han vart nett utlånt til Brighton, me får håpa det er det siste me ser til han. Elles er det sannsynleg at Adebayor vert seld (har gått til Tottenham etter intervjuet ble gjort, journ.anm.), men òg han må tåla drastiske kutt i spelarlønna. Santa-Cruz håpar me sjølvsagt vert seld, og det gjer han sjølv òg. Elles har fleire juniorar og ungdommar som ikkje har fått noko speletid på a-laget anten blitt seld eller frigjeve.

Hva skjer med Carlos Tevez?

- For tida er det veldig stille i den leiren, og alt verkar vera berre fryd og glede. Mistenkeleg stille, spør du meg. Det er vel berre eit spørsmål om tid før han finn på noko nytt. Eg berre håpar stillheita varer, for han er utvilsamt ein veldig god og viktig spelar. Truleg må han seljast for at me skal slutte å ottast for kva han kan finne på neste gong.

- Uansett, så meiner eg at City kom desidert best ut av konflikten med Tevez sist sesong. Tevez vart nekta løn og bonusar i tida han skulka, og han måtte ta på seg all skuld i den offentlege orsakinga. Medan konflikten heldt på, prøvde han òg å tvinga fram eit sal til Milan til langt under marknadspris, det fekk han heller ikkje til.

City har både norske Abdisalam Ibrahim og svenske John Guidetti i stallen, som begge var på utlån til nederlandsk fotball forrige sesong, hvor særlig sistnevnte hadde stor suksess. Har disse noen fremtid i klubben?

- Me håpar sjølvsagt dei har ei framtid i klubben, men eg er ingen ekspert på å sjå kven som vil lukkast og ikkje. Til det har eg bomma litt for mange gonger.

Forrige sesong var en stor suksess for City, i hvert fall i ligasammenheng. Er det allikevel noen spillere du forventer mer av i den kommende sesongen enn hva de har vist hittil?

- Nasri synte berre til tider kva potensiale han har. Men det er heller ikkje uventa sidan han var heilt ny i klubben, og at Wenger ikkje ville sleppe han tidsnok til at han fekk med seg sesongoppkøyringa. Eg er ganske trygg på at Nasri vil vera mykje betre og meir stabil denne sesongen. Elles trur eg Dzeko vert naudt til å verta litt meir stabil i prestasjonane - om ikkje trur eg komande sesong fort kan verta den siste for han. Adam Johnsen bør òg ha rom for å bli betre og meir stabil, og med det spela seg til fast plass på laget.

Mancini har nettopp skrevet under på en ny kontrakt som binder ham til City til 2017. Er det et riktig valg av klubbledelsen å satse på Mancini også i årene som kommer?

- To troféar på dei siste to sesongane er vel godt nok svar på det. Det er tre ting som gjeld, og det er kontinuitet, kontinuitet og kontinuitet. Ting som City tradisjonelt har hatt store vegringar mot.

Hva forventer du av City kommende sesong?

- Ein stad blant dei 20 beste.

United tapte tittelkampen mot nettopp dere på målstreken i fjor. Hittil har klubben hentet Nick Powell fra Crewe og Kagawa fra Dortmund. Hva tror du om Uniteds sjanser til å slå tilbake og ta tittelen igjen neste sesong?

- Det er ingen tvil om at United vert blant dei to beste neste sesong, og truleg vinn dei serien òg. For å vera ærleg, så vart eg meir sjokkert av avstanden frå lag nr. 1 og 2 på tabellen og ned til lag nr. 3 på tabellen, enn eg vart sjokkert av at City vann serien. Heile 19 poeng, var det ikkje? Utruleg, og sjokkerande i mi meining. Tviler sterkt på at det vert så stor avstand ein gong til. Eg trur det vert ein mykje jamnare sesong no.